Forskningsartikler | Vol. 21, No. 2, , s. 226244 | ISSN: 1890-9167

Profil som konkurransestrategi i norsk barnehage

Høgskulen på Vestlandet, Norge

*Korrespondanse: Dag Øyvind Lotsberg, e-post: dag.oyvind.lotsberg@hvl.no

Samandrag

Dei overordna problemstillingane er om profilering av barnehagar er meint som eit pedagogisk alternativ, som ledd i konkurranseleiinga i barnehagen. Korleis er profilane relatert til rammeplanen, og korleis vart profilen til? Problemstillingane vert drøfta mot intervju med styrarar i private barnehagar som har valt ein tydeleg profil, og som har dei vanlegaste profilane i norske barnehagar: friluftsbarnehage, gardsbarnehage, idrettsbarnehage, musikk- og kunstbarnehage og livssynsbarnehage. Dei fleste barnehagane oppfattar profilen sin som eit pedagogisk alternativ og har forsøkt å utvikla profilen til pedagogisk innhald og arbeidsmåtar. Dei meiner at dei representerer eit alternativ innanfor grensene rammeplanen set. Dei er ofte basert i lokale ressursar, men eigarane er i ferd med å bli viktigare. Profilar er ein viktig del av konkurranseleiinga i barnehagane.

Nøkkelord: barnehageleiing; barnehageorganisasjon; ekstern leiing; profil

Abstract

Profile and Pedagogy. Does Private Access Represent Pedagogical Diversity?

This article focuses on profiles in Norwegian Early Childhood Centers (ECCs). The research questions are to what extent and how profiles are meant to represent pedagogical alternatives, as part of the centers’ competitive strategy, how profiles relate to the framework plan and how they are developed. These questions are discussed based on interviews with leaders in private ECCs that present themselves with a profile, including the most frequent types of profiles in Norwegian ECCs: Outdoor activities, Farming, Sport, Music and Arts, and Religion. The analysis shows that profiles are intended as pedagogical alternatives, within the increasingly felt constraints set by the national framework plan, but it varies to what extent and how. Most of the ECCs also intend to translate their profile to pedagogical contents and methods. Profiles may be based on local resources, but are increasingly defined by the owner. Profiles stand out as an important part of the centers’ competitive approach.

Keywords: early childhood organization; external leadership; profiles; ECCs market strategies

Gjesteredaktørar: Karin Hognestad, Marit Bøe, Elin Birgitte Ljunggren, Alona Laski og Kari Ludvigsen

©2024 Kjetil Børhaug & Dag Øyvind Lotsberg. This is an Open Access article distributed under the terms of the Creative Commons Attribution 4.0 International License ().

Citation: & (). Profil som konkurransestrategi i norsk barnehage. Nordisk barnehageforskning, Special issue: Barnehageledelse, 21(2), 226244.

Innleiing

I delar av Noreg er det no konkurranse om born mellom private og kommunale barnehagar (Børhaug & Lotsberg, 2012; Granrusten, 2016). Dette heng saman med at kommunen ikkje kan regulera kor mange plassar som vert tilbydd, at foreldra har tilnærma fritt brukarval, og at finansieringa er basert på kor mange barn ein barnehage har. Dermed er konkurranseleiing ei viktig oppgåve for barnehageleiarar (Børhaug & Lotsberg, 2010, s. 92; Gotvassli, 2021).

Konkurranseleiing er ein del av den samla utoverretta leiinga (Iversen et al., 2021). Forsking om slik utoverretta leiing (Gotvassli, 2021) tar særleg opp tilhøvet til oppvekstfeltet, til kunnskapsprodusentar, til foreldre og til politisk styring, men det er også forska på konkurranseleiing, der profilering inngår (Børhaug & Lotsberg, 2012; Granrusten, 2016; Vannebo & Gotvassli, 2017). Mange barnehagar har profilar, og dei private har det oftare enn dei kommunale (Børhaug & Lotsberg, 2012; Haugset, 2019; Naper et al., 2021). Eit for lite utforska spørsmål er om profilane representerer eit pedagogisk alternativ. Dette spørsmålet skal vi ta opp ved hjelp av fire delproblemstillingar. For det fyrste om profilar er meint som eit pedagogisk alternativ. For det andre korleis profilane lar seg kombinera med ein meir styrande rammeplan. For det tredje om profilen vert utvikla til pedagogisk innhald og arbeidsmåtar. For det fjerde spør vi korleis profilen vart til.

Vidare vil det fyrst bli gjort greie for forsking om konkurranseleiing i norsk barnehage, med vekt på profilar. Deretter vil teoretiske perspektiv bli presentert, som utgangspunkt for ein analyse av barnehageprofilane. Det metodiske opplegget vil bli gjort greie for, og i siste del vert materialet analysert og drøfta.

Konkurranseleiing i norsk barnehage

Konkurranseleiing i barnehagane kan ta ulike former. Ein kan skilja mellom synleggjering i omverda, konkurranse gjennom å ha eit betre og annleis innhald, konkurranse på kvalitet, og konkurranse gjennom god foreldrehandsaming (Børhaug & Lotsberg, 2010, s. 92), som kan handla om informasjon, individuell oppfølging, service og kommunikasjonskvalitet. Mykje tyder på at dei private barnehagane er betre på foreldrehandsaming. Dei har til dømes noka lengre opningstid, tilbyr fleire/betre måltid og er meir opptekne av foreldrehandsaming (Børhaug, 2021; Kunnskapsdepartementet, 2018, vedlegg A, 3.2). Marknadsføring er viktig for synleggjering, men mange er også opptekne av synleggjering gjennom å ha eit godt omdøme i nærmiljøet (Dale & Granrusten, 2021). Somme barnehagar har mediestrategiar for å bli synlege (Granrusten, 2016).

Barnehagar kan konkurrera på kvalitet, forstått som skåre på indikatorar barnehagar kan samanliknast på, til dømes personaldekning eller skåre på foreldreundersøkingar.1 Styrarar mobiliserer i nokre tilfelle foreldra for å få høg skåre på slike undersøkingar (Granrusten, 2016). Eit av dei mest utvikla forsøka på å utvikla kvalitetsmål i norsk barnehage er «GoBaN»-prosjektet, som har målt kvalitet med standardiserte måleinstrument (Bjørnestad et al., 2017). Konkurranseleiing kan fokusera på slike kvalitetsindikatorar. Somme eigarar standardiserer derfor pedagogikken i sine barnehagar, som kvalitetssikring og dokumentasjon (Børhaug, 2021; Dahle, 2020; Ljunggren & Moen, 2019).

Å konkurrera på kvalitetsindikatorar inneber at ein må skåra høgt på det alle er samde om er kvalitet. Profilering, derimot, er å konkurrera gjennom differensiering (Dale & Granrusten, 2021, s. 106). Profil er eit tvitydig omgrep. Det kan på den eine sida vera eit synleggjeringstiltak, utan at det er eit annleis pedagogisk tilbod som er profilen. Ein kan også bli synleg gjennom ein profilert bygning, særlege fasilitetar eller matservering, som kan vera pedagogisk marginale. Men profil kan på den andre sida også vera synleggjering gjennom eit pedagogisk alternativt innhald og arbeidsmåtar. Slik pedagogisk profilering kan ein også sjå på som konkurranse gjennom kvalitet på den måten at kvalitet er å tilby det foreldra ynskjer seg (Cone & Brøgger, 2019), og då vert profilen ei orienteringshjelp til foreldra. Men det kan tenkjast at konkurranseorientering generelt og profilering spesielt er noko framandt i barnehagane, ei ny organisasjonsoppskrift (Røvik, 2007), som mange barnehagar motvillig tar til seg, og som dei derfor vil fråkopla frå den daglege verksemda. Då vil profilen bli redusert til ei markering av ein forskjell som i praksis er nokså marginal.

Mange barnehagar har som nemnd profilar (Børhaug 2021; Børhaug & Lotsberg 2012; Haugset, 2019; Naper et al., 2021). I 2021 var det 1402 barnehagar som rapporterte at dei hadde profil (Utdanningsdirektoratet, 2022). Av desse er det flest (492 barnehagar, 9 prosent) som har friluft som profil. Profilar vert synleggjorde på nettsider (Børhaug, 2021) og i årsplanar (Vannebo & Gotvassli, 2017). Namnet på barnehagen vert i aukande grad brukt for å signalisera profil, særleg mellom dei private, og særleg etter at konkurransen oppstod (Børhaug, 2021). Somme eigarar oppfattar profilering som lite eigna fordi det vil framandgjera delar av kundegrunnlaget (Børhaug, 2021), men ein god del har altså ein profil. Det kan tenkjast at profilane er meint som pedagogisk alternativ, som skal prega kvardagen, men det kan altså også tenkjast at det ikkje er slik. Spreidde funn tyder på at profilering vil seia at ein del av rammeplanen får ekstra stor plass i tilbodet (Ljunggren & Moen, 2019; Vannebo & Ljunggren, 2021). Men vi veit ikkje nok om korleis profilane er forsøk på å tilby pedagogiske alternativ.

Eit viktig vilkår for profilar er at rammeplanane har blitt gradvis meir regulerande (Børhaug & Nordø, 2020). Rett nok er det tradisjon i norsk læreplantenking for at det skal vera stort rom for lokalt profesjonelt skjønn (Karseth & Sivesind, 2009), og regjeringa Solberg la til grunn at den nye rammeplanen frå 2017 skulle gi rom for profilar (Ludvigsen et al., 2023, s. 234), men profilen må likevel ta omsyn til rammeplanen. Eit viktig spørsmål er korleis ein finn plass til profilar i møte med ein meir styrande rammeplan (Ljunggren & Moen, 2019).

Dersom profilar er viktige, må vi også spørja kva som forklarar dei. Som vist over er ein del av forklaringa konkurransestoda, men kva forklarar at barnehagar vel å konkurrera gjennom profilering og korleis utformar dei profilen sin? Profilar kan springa ut av strategisk leiing. Barnehageleiarar driv systematisk strategisk leiing, sjølv om dei ikkje alltid brukar det ordet om det dei gjer (Granrusten, 2016; Iversen et al., 2021). Ligg det strategisk leiing bak profilane?

Det er politisk omstridd kva plass dei private aktørane skal ha i sektoren. Eit argument for private barnehagar er at dei representerer noko alternativt, og profilar kan vera ein måte dei kan utvikla alternativ på. Dei private satsar meir på friluftsliv og praktisk-estetiske aktivitetar, medan dei kommunale satsar meir på språkutvikling, men forskjellane er små (Kunnskapsdepartementet, 2018, vedlegg A, 3.16; Utdanningsdirektoratet, 2015, s. 13). Private styrarar legg meir innsats inn i profilering (Børhaug & Lotsberg, 2012; Haugset, 2019). Det er derfor av særleg interesse om og korleis dei private barnehagane sine profilar er pedagogiske alternativ. Vi skal derfor i denne artikkelen avgrensa merksemda til profilutvikling i private barnehagar, men utan dermed å implisera at dei kommunale ikkje også kan vera nytenkjande. Vi spør i kva grad profilane er meint å vera eit pedagogisk alternativ som også skal prega kvardagen, og korleis barnehagen meiner det er rom for slike alternativ innanfor ein regulerande rammeplan. Vi spør også kva avgjerdsprosess som låg bak valet av profil.

Perspektiv på profilering

Private aktørar deltar i velferdsstaten på ulike måtar, og særleg to problemstillingar har vore reiste om dette. Det eine gjeld korleis det offentlege kan styra dei private, samtidig som dei private må ha eit handlingsrom. Det andre, som er meir relevant her, gjeld i kva grad privat deltaking gir betre effektivitet, tenestekvalitet og nytenking (Skelcher, 2005, s. 359). Dette er eit hovudargument for privat tenesteyting.

Det har vore argumentert for at kvalitet er ein eintydig skala, som kan spesifiserast som indikatorar (Evetts, 2011). Men dette synet på kvalitet har vore omstridd (Dahl, 2004, s. 153).

Som ein motsats kan ein hevda at pedagogisk kvalitet er relativt, og oppstår i møte med brukarane. Poenget med private aktørar er at dei lettare kan tilby eit diversifisert tilbod for ulike brukarpreferansar (Cone & Brøgger, 2020), og profilar får meining som eit forsøk på å tilpassa seg til ulike foreldrepreferansar, og dermed blir det betre kvalitet. Dette skulle tilseia at profilar er meint som reelle pedagogiske alternativ.

Men for foreldra kan det vera vanskeleg å samanlikna kvaliteten på pedagogiske tilbod i ulike barnehagar opp mot eigne preferansar (Lakes & Carter, 2011, s. 106). Foreldra vil oftast i liten grad vera merksame på om profilen er omsett til kvardagspraksis. Det vil derfor vera lite å henta på å bruka store ressursar på å utvikla profilen til ein pedagogisk praksis foreldra likevel ikkje vil leggja merke til. Utfordringa med å profilera seg samstundes som ein må implementera rammeplanen tilseier også at profileringa vert heller marginal. Det kan dessutan tenkjast at profilar er ei oppskrift som mange barnehagar opplever forstyrrande, og som derfor vert fråkopla den daglege verksemda (Røvik, 2007).

Skiljet mellom det pedagogisk alternative og det marginale er glidande. I eit didaktisk perspektiv kan ein analysera ein pedagogisk profil, som annan pedagogisk praksis, ut frå eit skilje mellom måla for verksemda (kvifor), læringsinnhald (kva) og arbeidsmåtar (korleis) (Tønnesen & Tønnesen, 2007, s. 14). Det er desse måla, innhaldet og arbeidsmåtane, som kan vera meir eller mindre alternative i forhold til rammeplanen eller det barnehagen oppfattar som det vanlege i andre barnehagar. Der profilen vedkjem dei fleste eller mange av måla for verksemda, mykje av innhaldet og mykje av arbeidsmåtane, vil profilen vera meir grunnleggande alternativ enn der den berre er eit tillegg eller ei utdjuping som gjeld ein liten del av verksemda. Der profilen primært er ei markering av verdiar og mål, men utan konkretisering i pedagogisk innhald og arbeidsmåtar, er den eit døme på profil som symbolsk frikopling som primært er til ytre bruk.

Korleis blir profilar (og anna konkurranseleiing) til? Teoriar om strategisk leiing skil her mellom generiske og ressursbaserte strategiar. Det fyrste er basert på vurdering av kva omverda vil ha, til dømes kan det tenkjast at friluft er den vanlegaste profilen ut frå ein analyse av at det er noko mange foreldre etterspør. Den andre er basert på analyse av eigen styrke, kompetanse og kapasitet (Jacobsen & Torsvik, 2013, s. 42; Strand, 2007). Barnehagar har ofte vore små organisasjonar, med stort rom for individuelt entreprenørskap. Barnehagar kan også vera djupt institusjonaliserte organisasjonar, som står for pedagogiske grunnsyn og verdiar, og som profilen kan vera eit uttrykk for. Profil kan såleis vera noko som spring ut av barnehagens føresetnader og engasjement. Men det er ikkje gitt at profilen har oppstått slik, gjennom ein rasjonell, strategisk analyse av indre eller ytre tilhøve. Det kan vera motesvingingar i dei institusjonaliserte omgivnadene (Røvik, 2007), det kan vera inkrementell, stegvis, tilpassing eller tilfeldige prosessar (Enderud, 1976).

Utvikling av profilar er medviten, intendert leiing. Men intensjonen og den faktiske implementeringa er ikkje det same. I denne samanhengen er det intensjonen om profilering vi kan undersøkja. Operasjonaliseringa av pedagogisk alternativ er at dersom barnehageinformantane kan gjera greie for korleis deira profil er alternativ, og korleis den fører til anna innhald og arbeidsformer, forstår vi det som eit forsøk på å utvikla eit alternativ. Di større del av verksemda sitt innhald og arbeidsmåtar profilen gjeld for, di meir må profilen seiast å representera eit alternativ. Korleis profilen går i hop med rammeplanen, er ikkje operasjonalisert, men analysert induktivt. Vi spør om profilen i det heile er eit resultat av strategi eller ikkje, og om strategien byggjer på ein analyse av marknaden eller av barnehagens eigne føresetnader.

Framgangsmåte, metode, operasjonaliseringar og utval

Datamaterialet er intervju- og tekstdata frå 11 private barnehagar. I intervjua har vi bedt styrarane i barnehagane om å gjera greie for sin profil med vekt på korleis den er meint å skilja seg ut og samtidig respektera rammeplanen, og med vekt på mål, arbeidsmåtar og innhald. Dersom dei gjer greie for korleis dei meiner profilen er eit alternativ, for korleis dei meiner profilen kan omsetjast til innhald og arbeidsmåtar, representerer dette eit pedagogisk alternativ, særleg dersom innhald og arbeidsmåtar er tenkt å gjelda store delar av verksemda. Det er likevel i stor grad intensjonen og ideen om ein profil vi slik får tak i, implementeringa og praksis er slike intervjudata ikkje like valide uttrykk for.

Datamaterialet blei samla inn gjennom intervju med styrarar i perioden august 2020–mai 2021. Nokre av intervjua vart gjort ved hjelp av Zoom, medan andre vart gjennomførte i barnehagen. Intervjua er transkriberte. Sjølv om profilen er offentleg, har vi likevel av etiske grunnar valt å prioritera anonymiteten, og ein del kjenneteikn ved nokre tydelege profilar er derfor tona ned. Prosjektet er meldt til NSD (no Sikt) og godkjent.

Utvalet er målretta (purposive sampling) (Silverman, 2000, s. 104). Det vil seia at vi tok utgangspunkt i dei vanlegaste profiltypane og leita etter barnehagar som kunne representera dei ulike typane. Derfor er ulike typar profilar representert: gardsbarnehagar, idrettsbarnehagar/friluftsbarnehagar, kultur-/musikk-/kunstbarnehagar, trus- eller livssynsbarnehagar, ein steinerbarnehage og ein Reggio Emilia-barnehage. Dei er jamt fordelt mellom sjølvstendige barnehagar og barnehagar som er ein del av ein større eigarorganisasjon. Utvalet er såleis ikkje tilfeldig og ikkje representativt. Dette inneber at vi nok har barnehagar med over gjennomsnittet medvite forhold til eigen profil, slik sett viser analysen dei mest gjennomtenkte forsøka på profilering.

Analyseframgangsmåten ligg nær det Kvale (1997) kallar meiningskategorisering. Det vil seia at vi med utgangspunkt i kategoriar fortolka det informantane sa, opp mot desse. Samstundes som vi også laga nye kategoriar ved induktivt å utvikla skilje og underkategoriar i dei kategoriane vi starta med. Kategoriar kan hentast frå både teori og fagspråk i sektoren (Kvale, 1997). Vi har her brukt profilnemningane som slike kategoriar og også teke utgangspunkt i skiljet mellom pedagogiske mål, og innhald og arbeidsmåtar. Deretter har vi induktivt utvikla skilje mellom meir og mindre gjennomgripande profilar. Tilsvarande var skiljet mellom generisk og ressursbasert strategi utgangskategoriar.

Analyse

Analysen er organisert slik at vi fyrst ser på mål og deretter på innhald og arbeidsmåtar. Vi spør om profilen er meint som eit pedagogisk alternativ i forhold til rammeplanen. Vi spør også om profilen er utvikla til pedagogisk innhald og arbeidsmåtar. Vi ser her fyrst på mål og ide versus rammeplanen og deretter på innhald og arbeidsmåtar. Til sist ser vi på korleis profilen vart til.

Mål og sikte

Har barnehagane ei forståing av profilen sin om at den representerer eit pedagogisk alternativ? Korleis relaterer dei profilen til rammeplanen? Her er variasjonen stor, men vi ser nokre hovudvariantar.

1. Rammeplanen fortolka frå eit særeige verdisyn

Nokre av barnehagane knyter profilen sin til eit grunnsyn som er noko heilt anna enn rammeplanen. Dei oppfattar seg sjølve som eit pedagogisk alternativ fordi dei fortolkar rammeplanen med eit anna verdigrunnlag, men utan å utfordra verdiar og mål i rammeplanen. Dette er tydeleg formulert i ein barnehage som byggjer på steinerpedagogikk, der heile det pedagogiske grunnsynet, menneskesynet, verdisynet og verdsbiletet byggjer på antroposofien.

Vi kan tilby et alternativ […]. det bygger på det antroposofiske menneskesynet; hvordan, hvilket syn har man på menneske som sådan, og mennesket her på jorden og hvordan vi tilpasser oss omgivelsene og ja. Så det er jo store, sånne store tema som ligger rundt da (B5).

Eit viktig spørsmål er relasjonen mellom dette grunnsynet og rammeplanen. På spørsmål om dette svarar denne styraren at antroposofien er ein tilleggsdimensjon til verdiane i barnehagelov og rammeplan.

For det er jo klart at alle disse her verdiene som nestekjærlighet, medfølelse, empati, alle de, sant de jobber jo vi med hver eneste dag, og de ligger jo sterkt i vårt menneskesyn (B5).

Verdiane er slik sett dei same som dei rammeplanen legg vekt på, men dei er grunngitt og forankra i eit anna verds- og menneskeperspektiv. Noko liknande ser vi også i livssynsbarnehagane. Det er fleire slike i materialet, med basis i ulike livssyn. Dei har felles at dei ser livssynstradisjonen sin som eit anna normativt grunnlag for rammeplanens verdiar og mål. Dei vil realisera rammeplanmåla og verdiane med utgangspunkt i livssynstradisjonen, som gir ei anna grunngjeving av dei same verdiane.

De verdiene som […] er i rammeplanen – de vil vi belyse ut ifra vårt kristne ståsted, mer direkte enn gjerne andre barnehager gjør. […] De er gjerne mer generelle på dem, mens vi tar utgangspunkt i kristen etikk. […]. Vi bygger jo egentlig på rammeplanen, og det har du jo ikke noe valg på, vi er jo nødt til å gjøre det, og det er ikke noe kollisjon heller (B2).

Eit døme er omsorg. Tilnærminga til omsorg vert her annleis, fordi det «har jo en inspirasjon ifra […] Jesu liv da, sant at vi har på en måte Jesus som eksempelet, som et forbilde da». Tilsvarande argumenterer barnehagen med ein annan livssynsbasis.

Andre barnehagar i materialet har også ei alternativ fortolkingsramme når dei arbeider med rammeplanen, men denne ramma er ikkje i same grad eit heilskapleg verdisyn. Det er heller tale om nokre sentrale verdiutgangspunkt. Eit døme er ein barnehage der multikulturelle møte og kulturmangfald er ei hovudsak med barnehageverksemda. Denne ideen om kulturmøte er ikkje bygd på ein teoretisk konstruksjon slik som antroposofien, men på nokre enkle prinsipp om at den kulturelle variasjonen borna sjølve representerer, er verdifull, skal koma fram i barnehagen, og borna skal bli kjende med denne. Denne barnehagen har ei forståing om kulturmøte som styrande for det dei gjer, og ser dette som ei anna tilnærming til grunnverdiane og måla i rammeplanen.

Det er to gardsbarnehagar i materialet, særleg den eine er interessant fordi informanten der knyter gardskonseptet til ei overordna tenking om menneske og natur. Viktig er berekraft, kjennskap til norsk tradisjon som spring ut av bonde- og fiskarsamfunnet, forståing av kva rolle dyra spelar i å møte menneskelege behov, og respekt for dyr.

Livets sirkel og hvordan ting foregår er veldig viktig. […] Og så er det noe med det norske samfunnet, [et] samfunn som egentlig er bygget fra gammelt av på gård og fiske på en måte. Og så er det noe med det at det forsvinner mer og mer, sant, så det er jo noe med å på en måte bevare den norske kulturen og, sant, og la neste generasjon også få bli kjent med det, det er det det handler om […]. (B9).

Profilen er knytt til verdiar og idear som blir denne barnehagen sitt perspektiv på innhald og tema i rammeplanen, til dømes uteaktivitet, nærleik til naturen og berekraft. Den andre gardsbarnehagen er også interessant fordi då barnehagen vart etablert, før rammeplanen av 2006 kom, stod dei fritt til å la årshjulet på eit vestlandsk småbruk vera det pedagogiske opplegget. Men med den nye rammeplanen meiner dei årshjulet må tilpassast til tema i læreplanen, som livmeistring, helse og berekraftig utvikling. Dei understrekar at gardsdrift passar godt til dette (B6). Her er verdiaspektet mindre uttalt enn hos den andre gardsbarnehagen, men årssyklusen på ein gard og i naturen er likevel eit alternativt utgangspunkt for å fortolka rammeplanen.

2. Særleg vektlegging av delar av rammeplanen

Ei gruppe barnehagar har særleg vektlegging av somme tema i rammeplanen som profil, slik også Ljunggren og Moen fann (2019). Dette kan innebera at somme fagområde får meir plass, men det kan også innebera at nokre fagområde får leggja premissa for andre fagområde. Det er særleg tydeleg i musikk-, kultur- og idrettsbarnehagane i materialet. Ein styrar seier at dei kan jobba med ulike fagområde, «men da er alltid musikk og drama med likevel» (B7). Også kulturbarnehagen har denne vinklinga, at somme fagområde får regien for andre:

Hva er det som gjør oss til en kulturbarnehage? Så er det jo på en måte de virkemidlene vi bruker i vår pedagogikk. I stor grad musikk, drama, eventyr, lesing, dramatisering og formingsaktiviteter da, at vi bruker det som virkemidler og vi mener at vi bruker det bevisst (B8).

Også idrettsbarnehagar kan arbeida slik. Dei prioriterer fysisk aktivitet, men dette er også ei tilnærming til dei andre fagområda. Det er litt vagare artikulert i idrettsbarnehagane, men den eine seier at dei arbeider slik.

Vi bruker fysisk aktivitet til å fremme de verdiene vi ser på som viktig da, som for eksempel fellesskap, mestringsfølelse, felles opplevelser, deltakelse, og så videre og så videre. Og det igjen har jo også med psykisk helse å gjøre også. Så det går veldig sånn i ett. […] Men vi må jo passe på at vi følger resten av rammeplanen og fagområdene der, og da gjør vi det nok på en måte som – altså idrettsprofilen den preger da hvordan vi jobber, ja det gjør den (B1).

Men det er også somme av barnehagane som har sterkare vektlegging av utvalde fagområde utan at dette også får regiansvar for dei andre. Den andre idrettsbarnehagen ser ut til å vera eit døme her.

3. Profilen forstått som eigentleg samanfallande med rammeplanen

Det er berre ein barnehage, med Reggio Emilia-profil, som oppfattar profilen sin som samanfallande med rammeplanen, berre med eit anna namn. Denne styraren oppfattar rammeplanen slik at den har nærma seg og fell saman med Reggio Emilia-pedagogikken.

– Barnehagesektoren har jo endret seg og det pedagogiske har jo endret seg til mer [vektlegging av] barns medvirkning og det som har vært en utvikling der. Så der føler jeg at Reggio Emilia-filosofien er jo spot on siden det handler om å jobbe med det som barn er interessert i.

[…]

– Så vil du si at akkurat barns medvirkning og barnesentreringen som ligger i rammeplanen, det blir forsterket av Reggio Emilia? Eller er det mye det samme?

– Jeg tenker at måten vi tenker på – at vi forsterker litt det som står i rammeplanen. (B3)

Reggio Emilia-pedagogikk er ein kompleks pedagogisk retning (Carlsen, 2021) og kan også bli forstått som noko anna enn den dominerande pedagogikken i norsk barnehage (Ljunggren & Moen, 2019). Særleg pedagogisk dokumentasjon har blitt løfta fram. Men Reggio Emilia-barnehagen i vårt materiale har brukt nemninga som ei profilering som dei likevel fortolkar til å vera mykje det same som pedagogikken som læreplanen føreskriv.

Er profilen meint som eit pedagogisk alternativ? Vi finn tre ulike svar på dette spørsmålet i materialet, som alle er eksplisitte på korleis dei samtidig respekterer rammeplanen. Eitt svar er at profilen er eit anna namn på den same pedagogiske tilnærminga som ein finn i rammeplanen. Eit anna svar er at profilen er å vektleggja ein del av rammeplanen, slik også Ljunggren og Moen peikar på (2019). Men dette kan ta ulik form, anten at eitt fagområde får meir plass, eller også at dette fagområdet formar tilnærminga til andre fagområde. Eit tredje svar er at profil vil seia at barnehagen fortolkar heile rammeplanen med utgangspunkt i ei særeiga normativ fortolkingsramme, som kan vera eit totalt livssyn, slik som antroposofien, eller meir partikulære verdiar om multikulturalisme eller respekt for naturen.

Alle argumenterer for at dei likevel er i takt med rammeplanen. Det er også døme på barnehagar som tidlegare opplevde at dei stod fritt til å definera sin pedagogikk, men som no må legitimera profilen sin inn mot rammeplanen.

Har profilbarnehagane også utvikla profilane til idear om pedagogisk innhald og arbeidsmåtar? Som argumentert for over er det ikkje gitt at dei gjer det. Innhald og arbeidsmåtar viste seg i materialet å vera vovne så tett inn i kvarandre at vi ikkje har skilt mellom dei her, men sett dei som eitt.

Nedfeller profilen seg i nytenking om innhald og arbeidsmåtar?

Hovudfunnet er at dei fleste informantane i svært stor grad kunne gjera greie for korleis profilideen skal omsetjast til konkret innhald og arbeidsmåtar. Det er ikkje grunnlag for å seia at profilen er noko utvending, symbolsk som ikkje også formar den daglege verksemda.

Dei fleste gjer greie for profilen som nedfelt i planverket dei har, og i rytmen gjennom året. Profilen er tenkt fylgd opp i dagsrytmen, årsplanar, progresjonsplanar og årshjul. Til dømes har gardsbarnehagane dagleg drift av ein gard gjennom året som ei grunnramme. Idrettsbarnehagane har tilbod om ulike typar idrettar i ein systematikk gjennom året. Kultur- og musikkbarnehagen seier også at dei har drama og musikk på dagsordenen gjennom heile året. Her kjem ulike produksjonar (førestillingar og konsertar) inn og strukturerer verksemda fram mot desse. Men det varierer likevel kor gjennomgripande profilen er tenkt i dette praktiske pedagogiske arbeidet.

1. Ein gjennomgåande profil

Med gjennomgåande profil er her meint at barnehagen gjer greie for korleis profilen kan verka gjennomgåande i det meste av verksemda. Mest gjennomtenkt ser profilen ut til å vera i dei barnehagane som har ein alternativ fortolkingsplattform i møte med rammeplanen. Steinerbarnehagen og den multikulturelle barnehagen er nærast her. Dei gjer begge greie for ein pedagogisk praksis for heile verksemda, bygd på deira pedagogiske ide og profil og som det meste av rammeplanens tema vert innordna i.

I den multikulturelle barnehagen var det krav om at ein del av dei tilsette skulle ha internasjonal bakgrunn og minst ein tredjedel av borna ein fleirkulturell bakgrunn. Det fleirkulturelle møtet er ein gjennomgåande ide i det meste, der opphavslandet til barna er utgangspunktet.

Da har vi for eksempel Kina-uke. Alle barna skal oppleve Kina […]. Fra musikk, klær, eventyr, flagg, telling i språk, danser, instrumenter og mat, ikke minst. Da blir barna veldig stolt av sin kultur, å være kinesisk for eksempel. Men også de andre barna opplever andre kulturer, og det er det det handler om […]. I tillegg så blir foreldrene involvert i det. (B11)

Mat, musikk, tall, litteratur og språk vert alt her omdefinert til kulturmøte. Særprega element i den norske barnehagetradisjonen, som uteaktivitet og tur, blir her ein kultur av fleire, som barn med bakgrunn frå andre land må få møta.

De som ikke er vant til det, de vet ikke det. Da skal de gå med riktige klær, sekk og mat i sekken. En kopp i sekken. Skal de gå og gå og gå. Gå ut å ake […] og leke. De skal kjenne på stein og vann og sand og hva det måtte være. Det er veldig god trening for alle, spesielt for de som har, de som ikke er vant til det. Det er veldig fint, det er naturen. […] de skal være her i Norge. Respekt for naturen det er en ting, samtidig du må klare deg. (B11)

Også steinerbarnehagen kan gjera greie for korleis dei organiserer året sitt på andre måtar i lys av sin pedagogikk.

Vi bruker jo folkeeventyr mye, vi bruker ikke moderne eventyr, vi bruker ikke Disney. […] Vi bruker folkeeventyrene, og så har vi tilpasset de opp mot årstidsfestene. […] Her begynner man om sommeren, så er det høstfest, så er det mikaelsfesten, […] så har vi lanternefesten her i november, her kommer desember med Lucia og nisser, hellige tre kongers fest, så er det karnevalet, så er det påske, så er det pinse, og så er det sommerfest ja. […] Den er gjentakende gjennom hele året, og inni den rytmen der så ligger det eventyr som er tilpasset alle disse tidene på året, så ligger alle sangene som er tilpasset, så ligger den maten som skal — og alle aktiviteter som vi gjør. Alt er på en måte lagt inn i den årsrytmen, da. Så det og er jo en større tanke bak enn kanskje andre barnehager som sier «nå jobber vi med Munch 14 dager i september». (B5)

Fagområda får ei djupare og annleis meining av å stå i ein slik samanheng. Sjølv om dette er eit nokså annleis årshjul, meiner styraren i denne barnehagen at dette godt rommar rammeplanen:

Det er klart — sånn som den kunstneriske, den kreative, den kulturbiten er jo lett, mat og helse er jo veldig lett, kropp og bevegelse også fordi at vi har så store uteområder. […] Kommunikasjon, språk og tekst sant det er der. […] Vi bruker jo nærmiljøet omkring (B5).

Men somme element i rammeplanen kan steinerbarnehagen ha motstand mot ut frå sitt grunnsyn. Dette er steinebarnehagen åleine om i materialet.

Sånn som for eksempel digital praksis når den kom, at man skulle ha en digital praksis med de minste barna, da valgte vi det vekk, og vi har begrunnelse for at vi mener at det er ikke nødvendig å starte med digital praksis i de første fem–seks årene. […] Barna har jo bedre av å være i en fantasiverden, sin egen lekeverden. (B5)

Dei to livssynsbarnehagane er også tydelege på at dei meiner at livssynsforankringa er ei ramme for arbeidet med store delar av rammeplanen, men ikkje alt. Det eine er dei religiøse forteljingane, som dei kan «knytte til både […] kunstneriske prosjekt og aktiviteter, leker, ja vanlige […] barneaktiviteter» (B2). Det andre er dei religiøse høgtidene og markeringane.

Det som blir naturlig for oss, det er å følge på en måte høytidene, sant, altså at julen og påsken, sant, de blir jo et dypdykk for oss, sant, at det blir viktig å formidle. De kristne høytidene. Og vi går jo mye mer inn i det enn det som vanlige barnehager gjør, sant, vi forteller det fra A til Å. (B2)

Dette er ikkje like heildekkande som i livssynsbarnehagane. Som vist over kan også gardsbarnehagane fletta inn mange fagområde i sin årssyklus og sitt daglege arbeid med garden.

2. Eitt av fagområda er profil og får regi for andre fagområde

Hos dei barnehagane som har ein profil som ligg nær eitt eller to fagområde, har dei i stor grad utvikla innhald og metodikk slik at andre fagområde kan vinklast via det profilerte fagområdet, som får eit slags regiansvar. Idrettsbarnehagane legg stor vekt på at ting skjer ute. Friluftsliv, motorikk, natur og berekraft vert dekka gjennom uteaktivitet. Idrettsbarnehagane peikar vidare på at språkutvikling heng saman med motorikk, og kan utviklast ute og i fysisk aktivitet. Men det er uklart i materialet om dette tyder at til dømes språkutvikling også får pedagogisk merksemd når symjing er på programmet, eller om det er slik at ein antek at språkutvikling og motorikk er ein biverknad av profilaktivitetar som handlar om noko anna.

3. Profilen er det fagområdet som får mest plass

I nokre barnehagar er profilen at eitt fagområde får meir plass, svært stor plass. Ein av musikkbarnehagane omtalar til dømes musikk og drama som noko som skjer det meste av tida, i kvardagen.

Det [musikk] er jo både det som skjer i hverdagen, men også ulike arrangementer vi har og ulike aktiviteter. Vi har jo for eksempel noe som heter Tutti-samlinger, det er jo sånn musikk- og dramasamlinger som vi har hver fredag […]. Og der er vi også opptatt av å få barna med, opp på scenen og dele, synge, spille, dramatisere. (B7)

Denne barnehagen legg også vekt på at borna må få møta ulike instrument. Dette er noko som ein må rekna med tar mykje tid og vaksenkapasitet, ettersom det krev gruppeorganisering og vaksne til stades.

Så de har egne sånne smågrupper, altså en gang i uken så har de sånn der Crescendo-gruppe hvor de jobber med musikk og instrumenter (B7).

Drama er også viktig i kvardagen og får stor plass. Dei har ein teatersal der alle er ein gong i veka, men dei har også kostymar og rolleleik på avdelingane når dei ikkje er i teatersalen (B7).

Denne barnehagen har altså svært tydeleg prioritering av musikk og drama, og dette er konkretisert på måtar som vil måtta ta svært stor plass i kvardagen. Men koplinga til andre fagområde er svak. På direkte spørsmål om musikk og teater også var relevant for andre fagområde, svarte styrar at det hadde ho ikkje tenkt så mykje på, bortsett frå at dei ofte hadde musikk og rytme med når dei var på tur, og at språkutvikling profitterer på song, rim, regler. Drama er også ein viktig ressurs for språkutvikling. Men dei gjer ikkje greie for musikk og drama som inngang til alle fagområde i stor grad.

4. Profil utan føringar for innhald og arbeidsmåtar

Ein interessant variant er ein barnehage som er heilt eksplisitt på at Reggio Emilia-pedagogikken ikkje gir nokon annan praksis enn den rammeplanen legg opp til. På spørsmål om Reggio Emilia representerer noko anna enn i andre norske barnehagar, svarte denne styraren nei.

Så det er ikke sånn at Reggio Emilia vil legge større vekt på for eksempel noen fagområder foran andre?

– Nei. Vi jobber etter alle fagområdene her, sånn som rammeplanen sier. Men det har jo ikke de i Italia. Så der er det jo en ulikhet da (B3).

Denne styraren ser på Reggio Emilia som førebilete som den norske rammeplanen etter kvart har blitt prega av. Dette er ein interessant barnehage fordi Reggio Emilia er veldig synleg som profilering og markering mot omverda. Det signaliserer slik sett noko annleis, men det er altså ikkje tenkt omsett i spesifikt innhald og arbeidsmetodar som avvik frå det ein elles ville gjort.

Det varierer altså kor gjennomgåande profilen er utvikla til innhald og arbeidsmåtar. I nokre barnehagar kan dei gjera greie for ei forståing av profilen som noko som skal prega alt som skjer. Der profilen er at eitt fagområde får meir plass, gjeld profilen berre ein del av kvardagen. Det er berre i ein barnehage dei seier at praksis ikkje vert annleis av profilen, slik at profilen her får ein meir symbolsk funksjon.

Kva forklarar profilen?

Det er knapt nokon som har hatt ein generisk strategisk analyse om kva foreldra etterspør som utgangspunkt. Opphavet til profilane ligg ikkje der. Bakgrunnen for profilen ligg nok nærare den ressursbaserte. Her er det to nokså ulike ressursopphav å spora. Det eine er at profilen speglar barnehagens verdigrunnlag, som også var avgjerande for at barnehagen i det heile vart etablert. I utgangspunktet er dette eit profilgrunnlag i at barnehagen skal fremja verdiar som den institusjonaliserer. Med konkurransen om barn får dette formidlingsoppdraget ei ny rolle, som ressursgrunnlag for ein strategi om profil som konkurransetiltak. Dette gjeld til dømes livssynsbarnehagane, steinerbarnehagane og den multikulturelle barnehagen. Her er profilen knytt til sjølve grunngjevinga for å driva barnehagar. Andre gongar handlar det om tilgang til bygningar og anlegg, det gjeld til dømes idrettsbarnehagar og gardsbarnehagar i stor grad. Det gjeld også den eine livssynsbarnehagen, her var ein del av utgangspunktet at bedehuset hadde ledige rom som var lite brukte på dagtid.

Dei fleste barnehagane i materialet har utvikla profilen sin i samråd med eigar lokalt, og eigar er i fleire høve kjelda til verdisynet barnehagen byggjer profilen på. Å utvikla ein profil som kan forma det meste av barnehagedagen, er eit omfattande prosjekt i ein barnehage med avgrensa ressursar, så det er ikkje uventa at fleire av desse barnehagane er med i ulike nettverk for likesinna barnehagar. For dei kristne barnehagane er Institutt for kristen oppseding, IKO, ein viktig ressurs. Tilsvarande har også steinerbarnehagen ei tilkopling til faglege nettverk, som også tilbyr utdanning i steinerpedagogikk. Gardsbarnehagane har eit samarbeid seg imellom. Begge dei to idrettsbarnehagane har nært samarbeid med idrettslag i nærområdet, også om tilgang til idrettsanlegg.

Profilutforming og utvikling får nye vilkår når barnehagane inngår i store eigarar. Fleire kjedar har laga profilvariantar av si hovudtilnærming, som til dømes musikk, idrett og livssynsbarnehagar. Ein styrar i materialet vårt seier det slik:

Barnehagen er en del av en kjede som […] har en del konseptbarnehager, eller profilbarnehager eller hva det kalles. Det er alt fra språkbarnehage, idrettsbarnehage, kulturbarnehage, ja, friluftslivsbarnehage, ja, litt ulike konsept. (B1)

Her ser vi nok meir døme på profilar utvikla i generisk strategisk marknadsanalyse av kva foreldre kan tenkjast å villa ha.

Sluttdiskusjon

Ein del av legitimeringa av private barnehagar er at dei representerer eit pedagogisk mangfald, og at slikt mangfald gir betre tilpassing til brukarbehov og dermed betre kvalitet (Skelcher, 2005). Dette inneber ei forventing om at profilane er meint som eit pedagogisk alternativ, ikkje berre som overordna ide, men også som pedagogisk innhald og arbeidsmåtar. På ei anna side er det peikt på faktorar som kan medføra at slike profilar blir markørar av nokså marginale forskjellar, og at dei heller ikkje alltid er utvikla som pedagogisk innhald og arbeidsmåtar. Det er ikkje sjølvsagt at profilen blir eit gjennomarbeidd pedagogisk alternativ. Det kan tenkjast at til dømes ein musikkbarnehageprofil avgrensar seg til nokså spreidde innslag.

I intervjumaterialet er dette ikkje eit anten-eller. Barnehagane varierer i stor grad her. Somme barnehagar har eit gjennomarbeidd verdisyn som utgangspunkt for tolkinga av rammeplanen. Andre har lagt eitt fagområde til grunn for tolkinga av heile eller store delar av planen. I nokre av barnehagane er det slik at eitt fagområde får meir plass enn andre, slik Ljunggren og Moen fann (2019), eller at styraren oppfattar profilen i stor grad som eit anna namn på mykje av den same pedagogikken som ein finn elles. Ein må kunna seia at dei to fyrste variantane i større grad representerer pedagogiske alternativ enn dei to siste, og vitnar om konkurranseleiing som har mykje å seia for tilbodet.

Men også om profilen er meint som eit pedagogisk alternativ, er det ikkje sjølvsagt at profilen er utvikla til noko som kan fylgjast opp i praksis, det vil seia pedagogisk innhald og arbeidsmåtar. Også her er det variasjon og gråsoner. Lista opp frå mest til minst gjennomgåande kan vi likevel skilja mellom:

Profilen er utvikla i termar av innhald og arbeidsmåtar på ein måte som dekker det meste av det pedagogiske arbeidet, som i til dømes gardsbarnehagen eller steinerbarnehagen.

Profilen er at eitt fagområde får regi i arbeidet med dei andre, og barnehagen har utvikla innhald og arbeidsmåtar for å få det til. Eit døme er musikkbarnehagar, der musikk og estetiske fag også blir ramme for å arbeida med språk, nærmiljø, natur og andre fagområde.

Profilen er at eitt fagområde vert prioritert, med dei vanlege arbeidsmåtane for fagområdet. Idrettsbarnehagar som dekker alle fagområda, men som brukar meir tid på idrett, vil vera eit døme her. Her skjer det eigentleg ikkje noko alternativt når det gjeld pedagogisk innhald og arbeidsmåtar, profileringa er berre meir av noko kjent.

I desse tre variantane vil det truleg vera variasjonar som materialet ikkje fangar opp. At eitt fagområde definerer dei andre, kan nok vera meir og mindre utvikla, og når eitt fagområde får meir plass, kan nok den plassen likevel variera mykje. Dersom vi ser profilane i materialet under eitt, varierer dei i stor grad kor utvikla dei er, og kor mykje av verksemda dei omfattar. Analysen tyder på at det finst profilar som i stor grad er pedagogiske alternativ, og det finst profilar som viser til nokså marginale særpreg.

I alle fall, ein del av barnehagane viser med andre ord ein stor kapasitet til å utvikla pedagogiske alternativ. Ikkje minst med tanke på at barnehagane til dels har utvikla profilane sine lokalt med avgrensa ressursar, er det verdt å framheva denne kapasiteten til profilutvikling. Der eigar kjem inn med støtte, er utgangspunktet eit anna, noko som i stor grad skjer (sjå nedanfor om korleis profilar blir til).

Antakinga om at dei private tilbyr kvalitet i tydinga differensiering, får dermed støtte i dette materialet. Men det er få barnehagar i materialet, og barnehagar med ein gjennomarbeidd profil er nok overrepresenterte. Mange med profil sa nei til intervju. Det er ikkje gitt at dette biletet av pedagogiske alternativ er det mest typiske. Det kan også godt vera at kommunale barnehagar viser nokolunde same kapasitet til å utvikla eit differensiert tilbod med ulike profilar.

Det er interessant at sjølv om rammeplanen frå 2017 vert sett som meir styrande (Homme et al., 2023), gir den likevel rom for profilering, noko det også var intensjonen frå regjeringa at den skulle gjera. Likevel er rammeplanen ei grense for kva profilering som er mogeleg, på ein annan måte enn før, og alle styrarane var medvitne om dette og legitimerte profilen sin som likevel å vera innanfor rammeplanen. Rammeplanen er meir bindande, og vi veit at kommunane til dels har byrja føra tilsyn på at alle delar av den vert dekka, og på korleis rammeplanen vert fortolka (Børhaug et al., 2023). Med mindre det kjem ordningar om at ein kan få løyve til profilering utanfor rammeplanens grenser, kan rammeplanen medføra at dette rommet for kvalitetsutvikling gjennom differensiering vert mindre. Ei anna sak er at rammeplanen er så omfattande at ein vanskeleg rekk over alt. Profilen kan gi eit utgangspunkt for å velja vekk ting, slik vi såg steinerbarnehagen gjorde.

Profilane har nokså ulike opphav. Det er få innslag av at ein gjer ein generisk strategisk analyse av kva foreldra kan tenkjast å ynskja, og lagar profilar av det. Det er meir framtredande at profilen spring ut av dei verdiane barnehagen står for og er starta for å driva med, eller at den spring ut av faktorar som bygningsmasse eller andre konkrete føresetnader. I den grad det ligg ein strategi bak profilen, er den såleis meir ressursbasert (Vannebo & Gotvassli, 2017). Slike etablerte, lokalt forankra profilar frå barnehagen er ikkje strategisk motiverte, men spring ut av barnehagens institusjonalisering av verdibaserte oppdrag. Men når konkurransen innhentar desse barnehagane, får profilen ei ny rolle som konkurranseleiing. Ein del store eigarar har også eit utval av ulike delvis standardiserte profilar. Desse er lite undersøkt, men er truleg utvikla gjennom meir generiske prosessar.

Konkurranseleiing er dei siste 15 åra blitt ei viktig oppgåve for barnehageleiarar. Profilar er ein viktig type slik leiing, sjølv om profilane også har blitt til av andre grunnar. Det er eit hovudfunn at einskildbarnehagar kan ha stor kapasitet til profilutvikling. Det vil seia at barnehagar har ein kapasitet til konkurransetilpassing. Vi har vist litt av variasjonen i kva slike profilar kan vera, frå det nokså gjennomgåande alternative til det nokså marginale. Det er også ein viktig variasjon at profil kan legitimerast i forhold til rammeplanen på ulike måtar. Det ser ut til å vera ein grunngitt hypotese at profilutvikling lokalt er forma av barnehagens verdiar og ressursar, medan profilutvikling som konkurransestrategi på eigarnivå tar meir form av generisk strategiutvikling.

Fleire av barnehagestyrarane tvilar på om det er ei framtid for profilen deira. Det kan det vera gode grunnar til, ikkje berre fordi rammeplanen er meir styrande. Kommunane legg stor vekt på samordning av barnehagar og av barnehage og oppvekstfelt (Børhaug, 2021). Ein del store eigarar, både private og kommunale, standardiserer gjennom at dei gir meir fagleg støtte og kvalitetssikring til sine barnehagar (Børhaug, 2021). Det er grunnlag for å reisa spørsmålet om det er lagt til rette for at sektoren framleis skal ha eit rom for pedagogisk mangfald av denne typen. Dette er også eit viktig politisk spørsmål, som handlar om kva vekt kvalitetssikring gjennom kvalitetsdefinisjonar og gjennom lokal differensiering skal ha.

Forfattaromtalar

Kjetil Børhaug

er statsvitar med hovudfag i administrasjon og organisasjonsvitskap frå UiB i 1990. Forskingsfelta til Børhaug er for det fyrste knytt til fagdidaktikk, med særleg vekt på samfunnsfaget og elevrådsarbeid som politisk sosialisering. For det andre, styring, organisering og leiing i barnehagesektoren. Han har vore med på fleire NFR-prosjekt på dette feltet og han var leiar for ekspertgruppa som greidde ut om barnehagelærarane som profesjon. Leiing i møte med styring, konkurranse, endra organisatoriske rammer og utvikling har vore viktige tema i forskinga hans, som er publisert både på norsk og internasjonalt. Børhaug er no professor i samfunnsfagsdidaktikk ved Universitetet i Bergen.

Dag Øyvind Lotsberg

er statsvitar med hovudfag i administrasjon og organisasjonsvitskap ved UiB frå 1988. Sidan 1998 har han undervist på barnehagelærarutdanninga ved Høgskolen på Vestlandet (HVL) (tidlegare Høgskolen i Bergen, HIB). Organisasjon og leiing i barnehagen, oppvekstpolitikk og forskingsmetode har vore mellom dei sentrale undervisningstemaa. Han har også forska mykje innanfor desse to første temaa og har publisert ein god del artiklar og bokkapittel på feltet. Ein betydeleg del av forskinga er gjort gjennom deltaking på større nasjonale forskingsprosjekt. Mellom desse er “Evaluering av implementeringen av barnehagens rammeplan” på oppdrag frå Udir i perioden 2019–2024. Lotsberg er førstelektor i samfunnsfag ved HVL og knytt til forskningssenteret Barnkunne samme plass.

Referansar

  • Bjørnestad, E., Tuastad, S. E. & Alvestad, M. (2017). Kvaliteten i norsk barnehage. Eit nytt PISA-sjokk? I I. Studsrød & S. E. Tuastad (Red.), Barneomsorg på norsk. I samspill med og spenning mellom hjem og stat (s. 173–190). Universitetsforlaget.
  • Børhaug, K. (2021). Barnehageeigarar mellom stat, marknad og sivilsamfunn. Universitetsforlaget.
  • Børhaug, K. & Bøe, M. (2022). Barnehagelærarprofesjonen. Universitetsforlaget.
  • Børhaug, K. & Lotsberg, D. Ø. (2010). Barnehageledelse i endring. Nordisk barnehageforskning, 3(3), 79–94.
  • Børhaug, K. & Lotsberg, D. Ø. (2012). Institusjonelle betingelser for konkurranse mellom offentlige og private tjenesteytere i barnehagesektoren. Nordiske organisasjonsstudier, 14(2), 27–48.
  • Børhaug, K. & Lotsberg, D. Ø. (2016). Barnehageleiing i praksis. Det Norske Samlaget.
  • Børhaug, K. & Nordø, Å. D. (2020). Kommunen som barnehagestyresmakt i implementeringa av den nye rammeplanen. I A. Homme, H. Danielsen & K. Ludvigsen (Red.), Implementeringen av rammeplan for barnehagen (Rapport 37/2020, s. 59–106). NORCE.
  • Børhaug, K., Nordø, Å. D. & Rydland, H. (2023). Barnehagetilsynet i den kommunale oppfølginga av rammeplanen. I A. Homme, H. Danielsen & K. Ludvigsen (Red.), Frå bør til skal. Rammeplan for barnehagen i et implementeringsperspektiv (s. 263–293). Fagbokforlaget.
  • Carlsen, K. (2021). Reggio Emilia – atelierkultur og utforskende pedagogikk. Fagbokforlaget.
  • Cone, L. & Brøgger, K. (2019). Soft privatisation: Mapping the emerging field of European education governance. Globalisation, Societies and Education, 18(4), 374–390.
  • Dahl, A. H. (2004). Organisering for servicekvalitet. I Å. Johnsen, I. Sletnes & S. I. Vabo (Red.), Konkurranseutsetting i kommunene (s. 152–171). Abstrakt forlag.
  • Dahle, H. F. (2020). Barnehager som konkurrerende virksomheter. Nordic Studies in Education, 40(3), 210–228.
  • Dale, A. & Granrusten. P. T. (2021). Vi gjør som de andre – styrernes strategier i møte med konkurranse. I W. H. Iversen, B. Ljunggren & K. H. Moen (Red.), Utadrettet barnehageledelse (s. 102–114). Universitetsforlaget.
  • Enderud, H. (1976). Beslutninger i organisationer. Fremad.
  • Evetts, J. (2011). A new professionalism? Challenges and opportunities. Current Sociology, 59(4), 406–422.
  • Gotvassli, K. Å. (1990). Ledelse i barnehagen. Tano.
  • Gotvassli, K. Å. (2021). Utadrettet barnehageledelse – en forskningsgjennomgang. I W. H. Iversen, B. Ljunggren & K. H. Moen (Red.), Utadrettet barnehageledelse (s. 28–40). Universitetsforlaget.
  • Granrusten, P. T. (2016). Strategisk ledelse av barnehagen som læringsarena. I K. H. Moen, K. Å. Gotvassli & P. T. Granrusten (Red.), Barnehagen som læringsarena (s. 234–252). Universitetsforlaget.
  • Haugset, A. S. (2019). Har kommunalt eller privat eierskap betydning for kvaliteten i norske barnehager? Tidsskrift for velferdsforskning, 22(3), 240–254.
  • Homme, A., Danielsen, H. & Ludvigsen, K. (Red.). (2023). Frå bør til skal. Rammeplan for barnehagen i et implementeringsperspektiv. Fagbokforlaget.
  • Iversen, W. H., Ljunggren, B. & Moen, K. H. (2021). Oppspill: Utadrettet ledelse – ledelse i grenseland? I W. H. Iversen, B. Ljunggren, K. H. Moen (Red.), Utadrettet barnehageledelse (s. 19–27). Universitetsforlaget.
  • Jacobsen, D. I. & Torsvik, J. (2013). Hvordan organisasjoner fungerer (4. utg.). Fagbokforlaget.
  • Karseth, B. & Sivesind, K. (2009). Læreplanstudier – perspektiver og posisjoner. I E. L. Dale (Red.), Læreplan i et forskningsperspektiv (s. 23–60). Universitetsforlaget.
  • Kunnskapsdepartementet. (2018). Barnehagelærerrollen i et profesjonsperspektiv – et kunnskapsgrunnlag (Rapport F-4450 B). Kunnskapsdepartementet.
  • Kvale, S. (1997). Det kvalitative forskningsintervju. Ad notam Gyldendal.
  • Lakes, R. D. & Carter, P. A. (2011). Neoliberalism and education. An introduction. Educational Studies, 47(2), 107–110.
  • Ljunggren, B. & Moen, K. H. (2019). Implementing the Norwegian framework plan – organizational and leadership translation strategies. I P. Strehmel, J. Heikka, E. Hujala, J. Rodd & M. Waniganayka (Red.), Leadership in early education in times of change (s. 187–200). Barbara Budrich.
  • Ludvigsen, K., Kvilhaugsvik, H., Homme, A. & Rydland, H. T. (2023). Ny styringsstruktur og styrket eierrolle. I A. Homme, H. Danielsen. & K. Ludvigsen (Red.), Frå bør til skal. Rammeplan for barnehagen i et implementeringsperspektiv (s. 227–262). Fagbokforlaget.
  • Melhus, S. (2024, 19. februar). Foreldrene i denne barnehagen er mest tilfreds i hele Bergen. Bergensavisen.
  • Naper, L. R., Myhr, A., Janninger, L. & Løe, I. (2021). Spørsmål til Barnehage-Norge 2021 (Rapport 2021:01438). SINTEF.
  • Røvik, K. A. (2007). Trender og translasjoner. Universitetsforlaget.
  • Silverman, D. (2000). Doing qualitative research. A practical handbook. Sage.
  • Skelcher, C. (2005). Public-private partnerships and hybridity. I E. Ferlie, L. Lynn & C. Pollitt (Red.), The Oxford handbook of public management (s. 347–370). Oxford University Press.
  • Strand, T. (2001). Ledelse, organisasjon og kultur. Fagbokforlaget.
  • Tønnesen, R. & Tønnesen, M. (2007). Demokratisk dannelse. Fagbokforlaget.
  • Utdanningsdirektoratet. (2015). Barnehagespeilet. Tall og analyse av barnehager i Norge.
  • Utdanningsdirektoratet. (2022). Fakta om barnehager 2021.
  • Vannebo, B. I. & Gotvassli, K. (2017). The concept of strategy in the early childhood education and care sector. European Early Childhood Education Research Journal, 25(1), 4–18.
  • Vannebo, B. I. & Ljunggren, B. (2021). Bridging or bonding: An organizational framework for studying social capital in kindergartens. International Journal of Environmental Research and Public Health, 18(5), Artikkel 2663.

Fotnoter

  • 1  Sjå Bergensavisen 19. februar 2024, der alle barnehagar i Bergen vart rangerte etter skåre på foreldreundersøkinga (Melhus, 2024).