Kvalitet i samspelet mellom barn og personale i norske barnehagar

  • Lillian Pedersen Høgskulen på Vestlandet, Norge
  • Elisabeth Bjørnestad OsloMet – storbyuniversitet, Norge
  • Merete Nornes-Nymark Høgskulen på Vestlandet, Norge
  • Mari Engesæter Høgskulen på Vestlandet
  • Eivind Aadland Høgskulen på Vestlandet, Norge

Sammendrag

I artikkelen undersøker vi kva former for samspelskvalitet som kjem til syne hjå personalet i norske barnehagar observert med ECERS-R. Studien baserer seg på observasjonar frå 29 barnehageavdelingar der det standardiserte observasjonverktøyet Early Childhood Education Rating Scale – Revised (ECERS-R) vart nytta. Observasjonane vart gjennomførte tre timar på føremiddagen og avslutta med samtale med barnehagelærar på kvar av avdelingane. Funna viser at personalet vektlegg eit samspel med barna som er prega av varme, omsorg, tryggleik, barns medverknad, barns fridom i leik og kommunikasjon i kvardagssamtalar. Samstundes viser studien at personalet i mindre grad ser ut til å vektlegge utforskande, resonnerande og filosoferande samspel.

English abstract

Quality in the interaction between staff and children in Norwegian kindergartens observed with ECERS-R

The purpose of this article is to investigate the quality of the kindergarten staff’s interaction with the children in Norwegian kindergartens using ECERS-R as an observation tool. The method is observations of 29 kindergarten departments using the standardized Early Childhood Education Rating Scale – Revised (ECERS-R). All observations were completed within three hours in the morning and followed by a conversation with the kindergarten teacher in each department. Our findings indicate that most staff members show a warm and caring interaction with the children. We also observed that most staff prioritize supervision, children’s participation, freedom in play and communication in everyday conversations. Staff seems to a lesser extent to prioritize explorative, logical and philosophizing conversations with children.

Publisert
2022-12-06
Hvordan referere
Pedersen, L., Bjørnestad, E., Nornes-Nymark, M. ., Engesæter, M. ., & Aadland, E. (2022). Kvalitet i samspelet mellom barn og personale i norske barnehagar . Nordisk barnehageforskning, 19(3). https://doi.org/10.23865/nbf.v19.321
Seksjon
Artikler
Emneord (Nøkkelord)
ECERS-R, interaction, observation, quality ECERS-R, interaksjon, kvalitet, observasjon