Ressurs og mangel: Barnehagelærarars oppfatningar av det komplekse språkarbeidet i den fleirspråklege barnehagen

Forfattere

  • Randi Høyland Høgskulen på Vestlandet, Norge
  • Hilde Christine Hofslundsengen Høgskulen på Vestlandet, Norge
DOI: https://doi.org/10.23865/nbf.v21.367

Sammendrag

Denne studien undersøkjer barnehagelærarars forteljingar om språkarbeid med fleirspråklege barn i barnehagen. Målet med studien var å få innsikt i barnehagelærars oppfatningar som dei byggjer praksisen med fleirspråklege barn i barnehagen på. Fire fokusgruppeintervju med totalt 20 barnehagelærarar blei gjennomførte. Den narrative analysen identifiserte fire sentrale tolkingsrepertoar for barnehagelæraranes oppfatningar av fleirspråkleg praksis: det ressursprega, det kompensatoriske, det monospråklege og det profesjonelle avmaktsrepertoaret. Tolkingsrepertoara kom til syne i alle fire intervjua, og dette tyder på eit mønster i oppfatningane. Tolkingsrepertoara var ikkje gjensidig utelukkande, til dømes kunne barnehagelærar både gi uttrykk for å oppfatte fleirspråklegheit som ressurs og samtidig kjenne avmakt i si eiga rolle. Likeins blei norskspråkleg utvikling trekt fram som målsetting for barnehagens språkarbeid samtidig som deltakarane fortalde om spontane transspråkingsaktivitetar. Dette tyder på ein variert og kompleks språkpraksis bygd på både formell og erfaringsbasert kompetanse og personlege oppfatningar. Funna gir innblikk i korleis barnehagelærarar forstår sin eigen og barnas posisjon i ein fleirspråkleg barnehagekontekst og har implikasjonar for utvikling av ein ressursbasert fleirspråkleg pedagogisk praksis. 

ENGLISH ABSTRACT

Resource and Deficiency: Teachers’ Views on Complex Multilingual Practices in Early Childhood Education and Care

This study explores teachers’ experiences of multilingual practices in early childhood education and care (ECEC). The purpose was to gain insight into the underlying assumptions that shape ECEC teachers’ multilingual practices. Data were collected through four focus group interviews with 20 teachers. The analysis of the ECEC teachers’ narratives identified four emerging interpretative repertoires: resource-based, compensatory, monolingual, and feelings of professional powerlessness. All four interpretative repertoires appeared in all the interviews, which suggests a pattern of views. The interpretative repertoires were not mutually exclusive. One participant could, for instance, explicitly view multilingualism as a resource while simultaneously expressing feelings of powerlessness regarding how to practice multilingual didactics. Similarly, monolingual Norwegian development was identified as the objective of planned  activities while teachers described spontaneous translingual activities. These findings indicate varied and complex linguistic practices built on formal and experience-based competencies and personal beliefs and provide insight into ECEC teachers’ understandings of their own and the children’s positions within a complex multilingual ECEC context. The results have implications for further research- based development of multilingual practices. 

Nedlastingsstatistikk
Totale nedlastinger:
Nedlastingsdata er ikke tilgjengelig enda.

Publisert

2024-01-29

Hvordan referere

Høyland, R., & Hofslundsengen, H. C. (2024). Ressurs og mangel: Barnehagelærarars oppfatningar av det komplekse språkarbeidet i den fleirspråklege barnehagen. Nordisk barnehageforskning, 21(1). https://doi.org/10.23865/nbf.v21.367

Emneord (Nøkkelord):

barnehage, fleirspråkleg, narrativ, transspråking