Rettleiarrolla i kollegarettleiing som profesjonelt læringsfellesskap i barnehagen

  • Hege Fimreite Høgskulen på Vestlandet, Norge

Sammendrag

Målet med artikkelen er å undersøke rettleiaren si forståing av eigen praksis, og diskutere kollegarettleiing som profesjonelt læringsfellesskap i barnehagen. Det empiriske materialet byggjer på videoopptak av retrospektive samtalar med éin rettleiar, gjennomført like etter kollegarettleiing i ei gruppe barnehagelærarar. Studien løftar fram særtrekk ved rettleiaren sine refleksjonar kring eigen rettleiingspraksis, identifisert som balansegangar relatert til grad av aktivitet og struktur, samt utfordre, støtte og kontinuerleg vurdere situasjonar og relasjonar. Resultata blir diskuterte i lys av teori om rettleiing i eit sosiokulturelt læringsfellesskap og profesjonelle læringsfellesskap. Verdien av ein fleksibel bruk av struktur i kollegarettleiing, og rettleiaren sin systematiske analyse av eigen praksis over tid, blir løfta fram. Også verdien av ei rettleiarrolle med fagleg autoritet som kontinuerleg balanserer diskusjonar, strukturar og relasjonar, med mål om å utvikle kollektiv praksisteori. Det å utfordre kultur og praksis viser seg som verdfullt om kollegarettleiing i gruppe skal fungere som eit profesjonelt læringsfellesskap, men det å vere både fagleg autoritet og kollega utfordrar rettleiarrolla 

The counselor’s role in group peer counseling as a professional learning community in the preschool
The article aims to examine the counselor’s understanding of his practice and discuss peer counseling as a professional learning community in preschool. The empirical material is based on video recordings of retrospective conversations with one counselor, conducted immediately after group peer counseling among preschool teachers. The study highlights the characteristics of the counselor’s reflections on his practice, identified as balancing acts, related to the degree of activity and structure, challenge, and support, and continuously assessing situations and relationships. The results are discussed in the light of the theory of counseling in a socio-cultural learning community and professional learning communities. The value of flexible use of structure in group guidance, and the counselor’s systematic analysis of practice over time, is emphasized. Also, the value of a counselor’s role as a professional authority that continuously balances discussions, structures, and relationships, intending to develop collective practice theory. Challenging culture and practice prove to be valuable if group peer counseling is to function as a professional learning community but being both a professional authority and a colleague challenges the role of counselor. 

Publisert
2022-07-05
Hvordan referere
Fimreite, H. (2022). Rettleiarrolla i kollegarettleiing som profesjonelt læringsfellesskap i barnehagen. Nordisk barnehageforskning, 19(1). https://doi.org/10.23865/nbf.v19.233
Seksjon
Artikler
Emneord (Nøkkelord)
barnehagen, danning, kollegarettleiing, læringsfellesskap, rettleiarrolla, counselor's role, preschool, gruoup peer counseling, professional learning communities