Barnehagelærarstudentars refleksjonar over barns fleirsanselege utforsking i naturfaglege samtaler

  • Inga Margrethe Fagerbakke Høgskulen på Vestlandet, Norge

Sammendrag

Artikkelen presenterer ein casestudie av tre studentar sine transkriberte samtaler om naturfaglege emne med barnehagebarn i alderen 2,5–4 år, og deira refleksjonar rundt desse. Formålet med artikkelen er å belysa korleis studentane stiller seg til barnas fleirsanselege utforsking som ein del av samtala. Funna viser at studentane, gjennom videoanalyse av seg sjølve, blir meir merksame på korleis dei kunne ha fylgt opp fleire av sanseinntrykka til barna og fått dei inn i samtalene. Studentane trekkjer fram manglande bruk av tid, at dei skiftar fokus og at dei stiller feil spørsmål, som forklaringar på kvifor dei ikkje lukkast. I dei tilfella der dei har lukkast, peikar dei på det å la barnet sansa som ein suksessfaktor. Funna viser at produktive spørsmål som handlar om å observera nøye, er ein måte å gripa fatt i barns fleirsanselege utforsking på, men at det ofte blir brukt hypotesedannande spørsmål i samtalene med barna, utan at dette bidrar til meir utforsking i samtalene. 

Pre-service kindergarten teachers’ reflections over children’s multisensory exploration in scientific dialogues
The article presents a case study of three students’ transcribed conversations with and reflections on scientific conversations with kindergarten children between 2.5–4 years. The purpose of the article is to explain how the students position themselves to the children's multisensory exploration as part of the conversation. The findings show that the students, through video analysis of themselves, became more aware of how they could have followed up more of the children’s sensory impressions, and brought it into the conversations. Students point to their lack of use of time, shift of focus, and asking the wrong questions, as explanations for why they are failing. In those cases where they have succeeded, it is pointed out to let the child sense, as a success factor. The findings show that productive questions that are about observing carefully are a way of tackling children’s multisensory exploration, but that hypothesis-forming questions are often used with the children, without this contributing to more exploration in the conversation.

Publisert
2022-07-06
Hvordan referere
Fagerbakke, I. M. (2022). Barnehagelærarstudentars refleksjonar over barns fleirsanselege utforsking i naturfaglege samtaler. Nordisk barnehageforskning, 19(1). https://doi.org/10.23865/nbf.v19.319
Seksjon
Artikler
Emneord (Nøkkelord)
barnehagelærerutdanning, naturfag, samtaledidaktikk, utforsking, dialogic teaching, exploration, pst-training, science